(Emilie Gjerde Frøystad - Foto: Rolf-Arne Ramstad)
Emilie Gjerde Frøystad er ikkje ein ny spelar i Bergsøy
samanheng. Ho har i fleire år spelt på Bergsøy sine
aldersbestemte jentelag, men ho har hatt ei pause frå
fotballen ei periode.
No er ho klar til innsats for Bergsøy sitt damelag. Emilie
har tidlegare spelt i sentral midtbaneposisjon. Kva rolle ho
får på årets Bergsøy lag er enno litt usikkert. Ho er ein
ballvinnande spelar og mest sannsynleg vert det ein plass på
midtbana eller i forsvarsrekka for Emilie i år.
Vi ynskjer Emilie velkomen attende til Bergsøy IL Fotball
!!!