|
|
Kampreferat
-
Friday, May 11, 2012
Stranda-BIL 5-1
Fredag kveld rauk Aleksander Dahle og Bergsøy på eit nytt
forsmedeleg tap då Stranda satte fem ballar i Bergsøy-buret. Dermed
er det framleis langt igjen før Bergsøy kan friskmeldast i årets
serie.
-
Saturday, May 05, 2012
Endeleg 3 poeng
(Frank Sverre Skorpen, Andreas Johan Kurseth og Terje Teige
skora for Bergsøy. Til høgre Sander Leine Olsen som vart kåra til
Bergsøy sin beste spelar).
Bergsøy vant i dag 3-2 over Elnesvågen/O etter ei nervepirrande
avslutning. EOIL tok leiinga 1-0 i første omgang før dei auka
til 2-0 tidleg i 2 omgang. Ein sterk sluttspurt av Bergsøy
med mål frå Terje Teige, Frank Sverre Skorpen og Andreas Kurseth
gjorde at Bergsøy kapra årets første poeng i 3 divisjon.
-
Saturday, April 28, 2012
BIL-AK 2-4
Sjølv om Bergsøy leia 2-1 i laurdagens kamp mot AK så enda det
med eit skuffande 2-4 tap etter at AK scora 3 mål iløpet av 5
minutt i andre omgang. Her ser vi Daniel Sandvik drible seg forbi
nokre AK-spelarar.
-
Friday, April 20, 2012
Herd-BIL 5-0
Bergsøy tapte fredag kveld sin andre kamp for sesongen av to
mulige og måtte reise heim frå Colorline Stadion med fem mål i
sekken. Her er Daniel Jøsok Kvalsvik i ferd med å trakle seg
framover på 'Danskebåten'.
-
Friday, April 13, 2012
Bergsøy tapte i seriepremiera
Her set Andreas Kurset inn Bergsøy sitt første mål i årets 3.
divisjon.
Bergsøy tapte fredag kveld 1-3 på Bergsøy Kunstgrasbane.
Stillinga ved pause var 1-1. Vanlegvis duellsterke
Bergsøyspelarar tapte fleire viktige duellar og det vart
utslagsgjevande i denne kampen.
|