Nordicbet sine odds for avdelingsvinnaren i 3. divisjon avdeling
9 i 2012 er no klar. Deira favoritt til seriemeisterskapen er
Sunndal med ein odds på 2,40. Deretter kjem Herd med odds
2,75 og Skarbøvik med 5,50.
Bergsøy sin odds er 32. Det vil seie at om du satsar 100
kr på at Bergsøy vert avdelingsvinnar i 2012 og det slår til har du
sikra deg ein netto gevinst på kr 3.100,-.
Heile oddslista er slik:
| Lag |
Odds |
| Sunndal |
2,40 |
| Herd |
2,75 |
| Skarbøvik |
5,50 |
| Hødd 2 |
14,00 |
| Elnesvågen/O |
15,00 |
| Volda |
20,00 |
| Surnadal |
25,00 |
| Bergsøy |
32,00 |
| Brattvåg |
35,00 |
| Stranda |
35,00 |
| Dahle |
50,00 |
| Averøykameratane |
55,00 |
| Hareid |
60,00 |
| Larsnes/Gursken |
60,00 |
Volda, Dahle og Brattvåg er vel dei klubbane som har knytta til
seg flest nye spelarar foran 2012 sesongen. Om det betyr at
laga er vesentleg styrka sett i høve til 2011 sesongen er likevel
vanskeleg å uttale seg om.
Før sesongstart får ein nokre nyheiter kring nysigneringar,
medan det er lite informasjon sett i høve til kva spelarar som gir
seg i dei ulike klubbane.
Uansett vil nok oddsen endre seg fram mot seriestart.
Nysigneringar, spelarar i avgong, resultat frå treningskampar etc
vil etter kvart spele inn.