Nytt i 3 divisjon avd 9

Nytt i 3 divisjon avd 9

Peter Daniel Baade (her etter heimekampen mot Surnadal i 2011) var den Bergsøyspelaren som var på bana i flest kampar for Bergsøy i 2011 sesongen.  Baade går skule i Ålesund og no har kantspelaren valgt å melde overgang til Skarbøvik.  Vi ynskjer Baade lukke til i ny klubb.

Vi har gått gjennomgått ein del nettsider og funne fram til nokre nyheiter.

 

Averøykameratane tapte 0-1 mot 2. divisjonslaget KBK i helga.  Kampen var jamn og www.ak-fotball.no melder at lagets nye keeper, Bernt Visnes, spelte ein god kamp.

Bergsøy spelte 2-2 mot 3. divisjonskollega Stryn søndag.  Lagets venstre kantspelar, Peter Daniel Baade, har meldt overgang til Skarbøvik.  Andreas Helvik (forsvarar) er ny i klubben etter at han har meldt overgang frå Volda.  Vi kjem tilbake med ei eiga sak om dette onsdag.  Elles er nokre juniorspelarar henta opp i stallen. (Ser ein på A-laget sitt lagbildet tatt i februar/mars 2011 er 8 av dei 20 spelarane uaktuelle for Bergsøy i 2012).

Brattvåg.  Lite nytt frå klubben den siste tida, men laget har tidlegare fått desse nye spelarane: Even Heggdal (Midsund), Håvar Ekornåsvåg (Ellingsøy), Kristoffer Hildrestrand (Molde 2) og Marius Rogne (Nordborg).

Nyopprykka Dahle IL Frå Kristiansund satsar offensivt framfor 2012 sesongen.  Laget har skrive kontrakt med mange nye spelarar.  Det gjeld bl.a. Bjørn Andre Monsen (Nordlandet), Jonas Tlmmerdal Frøner (KFK), Martin Olstad (Nardo, AK), Arnt Terje Larsen (KBK) og Kivane Salehi (Uddevalla). Trener Totev har store forhåpningar til lagets nye kantspelarar Olstad og Salehi som han trur blir ein hit i årets 3. divisjon.

Laget håper også å teikne kontrakt med Øyvind Bunes (NTNUI).

Elnesvågen IL.  Laget har fått ny trenar og det vert satsa hardare og meir seriøst enn tidlegare år. Dei har hatt stort frammøte på treningane og det har også vore uvanleg for laget dei siste åra.  Laget beheld midtbana si får 2011 sesongen og det er kanskje den beste midtbana i avdelinga.  Np er det snakk om at Richard NNerland gjer comeback i forsvaret - noko som utan tvil vil styrke det defensive arbeidet i laget. 

Hareid IL.  Tapte 2-7 for Åram VanKam i ein treningskamp nyleg.  Fleire viktige spelarar tilbake i trening etter skade.  Nye spelarar i

Herd sin lovande midtbanespelar, Marius Ødegård, har meldt overgang til Aafk. 

Hødd 2 veit vi lite om.  Dei fleste frå rekruttstallen i 2011 er aktuelle for klubben også i 2012.  Med nye spelarar inn i Hødd sin A-tropp vil Hødd 2 stille endå sterkare i 2012 enn i 2011.

Larsnes/Gursken har i januar tatt ut 18 spelarar er i a-stallen.  Det er: Kjell E Fure, Oskar Gunnarstein, Leiv Sindre Muren, Jørn Olsen, Jørund Johansen, Richard Lynge, Alf Marius Grønnevik, Ole Christian Kleppe, Tor Arne Dyrhol, Torgeir Skeide, Marius Gunnarstein, Christoffer Rekdal, Johnny Moltubakk, Andreas Rekdal, Anders Vaagen, Thomas Sætre Hauge, Eivind M. Myklebust og
Preben Sætre.  Stallen er førebels liten og laget vil per dato vere sårbare om det blir for mykje av skader og karantener.

Lager skal etter planen spele årets første treningskamp onsdag 1. februar.  Motstandar er Åram VanKam som nyleg slå Hareid 7-2 i ein treningskamp.

www.voldasupportar.com melder på si heimeside at Skarbøvik har signert 6 nye spelara til 2012 sesongen. Det er: Runar Aahjem Løvold (Åheim) Peter Daniel Baade (Bergsøy) Terje Steinsbu Kjølsøy (AaFK) Thomas Årvik (ÅramVanKam) Joakim Melling (Austvoll) og Johan Stormyr (Midsund).  På Skarbøvik IF si side, http://skarbovikfotball.blogspot.com/, vert dei nye spelarane presenterte.

Stranda har teikna kontrakt med junioren Kenneth Andre Hole (Sunnylven)

Sunndal.  Har fått tilbake angriparen Tor Erik Torske frå KBK og beheld stammen i laget.

Surnadal

Volda.  Har tatt ut 2012 troppen som består av 30 mann.  Av desse er det 8 nye i høve til 2011 sesongen.  Det gjeld juniorspelarane Bjørnar Holen (Hovdebygda), Christoffer Wiik Bjerknes og Jørgen Nygård Winjevoll (Ørsta) og Magne K. Brobakke (Åheim) samt Petter Aasen (ørsta), Jonathan Jacobsen (Åmdal), Steffen Oksnes Eide (Valder) og Terje Haugen Øye (Sæbø). Åtte av spelarane frå 2011 stallen har gitt seg før 2012 sesongen. Laget satsar ungt og har heile 14 juniorar i stallen eller i hospitantgruppa.

 



Publisert, 1/30/2012 1:54:32 PM , av Geir Egil Olsen
 
Havila Olympic Rolls Royce Rem Bourbon Eros Kleven Maritime