(Andreas Helvig (til venstre) har teikna kontrakt med
Bergsøy for 2012 sesongen. Her saman med Bergsøys Lars
Conradi Andersen).
Lars Conradi Andersen i Bergsøy IL Fotball sitt sportslege
utval er glad for at årets første signering no er på
plass.
Bergsøy er særs nøgde ned å signere Andreas, som er ein
haldningssterk spelar som kan bekle både back og kantposisjon. Han
er trygg med ball og har eit godt fotballhaud. Med sine 26 år har
han både massevis av rutine ōg mange gode sesongar framom
seg. Dette seier Lars Conradi Andersen til www.bergsoy.com.
Han er oppvaksen i Ulsteinvik og har spelt aldersbestemt fotball i
Hødd. Han har tidligare vore i Bergsøy sitt søkelys, men har grunna
medisinstudier vore busett i Bergen dei seinare åra seier Conradi
Andersen vidare.