Troppen til treningskampen mot Eid

Troppen til treningskampen mot Eid

(Frank Sverre Skorpen kom til eit par tre gode sjansar i sist helgs kamp mot Stryn.  Blir det mål mot Eid ?  Til høgre keeper Sander Håskjold Nyland som er ute med skade)

I den første kampen i Vinterserien mot Stryn sist helg vart resultatet  2-2.  Søndag er det klart for Bergsøy sin 2 kamp i Vinterserien.  Motstandaren på Eid stadion søndag kl 12.00 er heimelaget Eid IL.

Eid spelar også i 3 divisjon og på nytt møter Bergsøy god motstand i ein treningskamp.

 

Som i siste kamp mot Stryn manglar mange av spelarane i Bergsøy sin frå før litt tynne A-tropp.  Ute frå siste kamp er kaptein og midtstoppar Terje Teige.  Han slit med ein leggskade og ein ynskjer ikkje å ta nokon sjanse på at skaden skal forverre seg.  Aleksander Dahle er opptatt med studiar i Bergen og Bergsøy sin all-roundar spelar såleis ikkje i denne kampen.  Håvard Bøe har blitt sjuk og stiller heller ikkje.

Nye i høve til siste kamp er nysigneringa Andreas Helvik.  Han vil vere mest aktuell på ein back plass.  Også Alexander Potrov vert med i denne kampen.  Potrov er frå Estland og har trena ein del med Bergsøy i vinter. Også Joakim Bakke Muren kan vere aktuell til denne kampen.  Han er på La Manga og er venta heim søndags morgen.

Då blir troppen slik:  Arve Kvalsvik, Andreas Kurseth, Sander Leine Olsen, Martin Falkanger, Andrius Petreikis, Kjetil Steinsvik Paulsen, Kestitus Deveika, Daniel Sandvik, Frank Sverre Skorpen, Nikolai Hasfjord, Andreas Helvik, Joakim Bakke Muren og Alexander Potrov.  I tillegg er juniorane/rekruttane Sami Zemichael, Sebastian Storøy og Andreas Torgersen med slik at troppen blir på i alt 16 spelarar.

Eid har hatt eit bra lag dei siste åra.  Laget har ein stor tropp og er godt besatt på alle plassar.  Torbjørn Aabrekk er lagets toppskorar og skora 20 mål sist sesong.  Eid vant sin første kamp i Vinterserien då dei slo Skavøypoll 3-1 i sin første kamp.

Neste helg er det spelefri på Bergsøy sitt A-lag.  Juniorspelarane i troppen går mot ei travel tid då dei skal spele 3 kvallik kampar i perioden 12-19 februar + ein treningskamp mot Haddal sitt 6 divisjonslag onsdag 8 februar.

Kampstart kl 12.00.  Avreise frå Statoil kl 09.00.

 

Publisert, 2/4/2012 5:30:07 AM , av Geir Egil Olsen
 
Havila Olympic Rolls Royce Rem Bourbon Eros Kleven Maritime