Troppen til treningskampen mot Stryn

Troppen til treningskampen mot Stryn

(Daniel Jøsok Kvalsvik og Fredrik Muren er begge ute med skader foran søndagens treningskamp mot Stryn).

 

Søndag 29. januar kl 12.00 er det klart for treningskamp mellom Bergsøy og Stryn på Eid si fine kunstgrasbane.

 

På grunn av ein del skader og andre forfall (7-8 mann) er det berre 12 mann frå A-stallen som er klar til kampen mot Stryn. 

Det er:  Arve Kvalsvik, Andreas Kurseth, Terje Teige, Sander Leine Olsen, Martin Falkanger, Andrius Petreikis, Aleksander Dahle, Kjetil Steinsvik Paulsen, Kestitus Deveika, Daniel Sandvik, Frank Sverre Skorpen og Nikolai Hasfjord.  I tillegg voner ein å med seg 2-3 spelarar frå rekruttroppen.

Stryn si målsetjing er opprykk til 2. divisjon.  Klubben har satsa hardt økonomisk og har også henta inn ein del spelarar foran denne sesongen.   Det er difor grunn til å tru at Bergsøy vår ein meget kvalifisert motstandar denne helga.  Laget er inne i ei hard treningsperiode og trenar Tødenes er ikkje resultatfokusert på denne tida av sesongen.  Han ynskjer å sjå spelemessig framgong frå kamp til kamp.

I høve til kampen mot Hareid må innstillinga betrast og spelarane må gå hardare inn i duellane. 

Kampstart kl 12.00.  Avreise frå Statoil kl 09.00.

Vi skal prøve å oppdatere sida nokre gongar under vegs i kampen.

 

 

 

Publisert, 1/28/2012 5:32:42 AM , av Geir Egil Olsen
 
Havila Olympic Rolls Royce Rem Bourbon Eros Kleven Maritime