Kampreferat

  • Monday, May 14, 2012
    Bergsøy med årets første seier i 5. divisjon

    Etter å tapt sine 2 første kampar mot Stordal og Herd 2 vant Bergsøy i dag ein fortent seier mot Hasundgot.  Sluttresultatet vart Hasundgot 1 - Bergsøy 4 etter at stillinga ved pause var 0-0.

    Publisert av, Geir Egil Olsen
  • Wednesday, May 02, 2012
    Herd 2 - Bergsøy 2 enda 3-0

    Bergsøy 2 tapte 5. divisjonskampen mot Herd 2 på Herd si kunstgrasbane sist mandag med 3-0.  Stillinga ved pause var 1-0.

     

    Publisert av, Geir Egil Olsen
  • Saturday, April 21, 2012
    Nesten for Bergsøy 2 i seriepremiera

    Her set Sebastian Storøy inn Bergsøy sitt første mål i kampen.  Trenar Toni overvåker avslutninga frå sidelinja.

    Bergsøy 2 tapte laurdag 5.divisjonskampen mot Stordal med 2-3.  Ved pause leia Bergsøy 2 med 2-1.

     

     

    Publisert av, Geir Egil Olsen
  • Thursday, April 12, 2012
    Seier 3-2 over Larsnes Gursken 2

    I ein treningskamp på Bergsøy KGB onsdagskvelden vant Bergsøy 2 med 3-2 over Larsnes Gursken 2.

    Dette vart ei grei gjennomkjøyring mot ein god motstandar før seriepremiera i 5 divisjon laurdag 21 april.

     

     

    Publisert av, Geir Egil Olsen
  • Sunday, February 19, 2012
    Kvalifiseringskamp: Bergsøy-Valder 2-2

    G-16 vant i dag sin kvalifiseringskamp med 12-2 over Valder.  KL 19.30 i dag er det klart for G-19 kvalifiseringskamp mellom Bergsøy og Valder.

    Både Valder og Bergsøy har spelt 2 kampar hittil i kvalifiseringa. Valder vant knepent mot Skarbøvik og tapte mot Langevåg.  Bergsøy har tapt både mot Langevåg og Skarbøvik.  Grunna Bergsøy sin dårlege målskilnad vil dei nok ende på siste plass i gruppa sjølv om dei skulle vinne dagens kamp mot Valder.

     

    Publisert av, Geir Egil Olsen
Forrige 1 2 3 4 5  ... Neste 
 
Havila Olympic Rolls Royce Rem Bourbon Eros Kleven Maritime