Påmelding til Via Travel Fotballskole

Bergsøy IL Fotball  arrangere fotballskule også denne haustferien.  Vi har gleden av å invitere til Via Travel Fotballskule for tredje året på rad.  Via Travel sitt bidrag er med på å gjere dette arrangementet mogeleg.    

DSC_0025

(Her eit bilde av Tor Hogne Aarøy sist AAfk gjesta Bergsøy og klubbens fotballskule (2009).

Tid og stad

Via Travel Fotballskule vil bli gjennomført 4-6 oktober og det vert  omlag 4 timar med trening per dag.  Prisen er sett til kr 600,- per spelar.

 

Aafk kjem

Denne gangen har vi også eit ekstra flott trekkplaster.  Heile Aafk sin A-lagsstall vil stille opp siste dagen og fleire av spelarane vil også vere med som instruktørar.

Vår nye sportslege leiar for aldersbestemt fotball, Kjetil Clementsen, vil også væere tilstades under fotballskulen.

 

Spelarar født 1999 - 2005

Vi ynskjer alle jenter og gutar født 1999-2005 velkomne som deltakarar på fotballskulen.

Via Travel vil vere til stades første dagen og dele ut gåveartiklar som t.d. t-skjorter. Spørsmål rundt Via Travel Fotballskule kan rettast til dagleg leiar Tom Beddari på tlf. 976 12 301 eller mail; tom@bergsoy.no 

Dei som melder seg på, vil få fyldigare opplysningar bl.a. via klubbens heimeside www.bergsoy.com.

 

Påmelding

Sjå elles vedlagte påmeldingsskjema med ytterlegare informasjon om fotballskulen.  Påmeldinga finn de her (_______) og den skal sendast til tom@bergsoy.no og eller fotball@bergsoy.no.  Påmeldingsfristen er sett til 30. september.

Publisert, 9/21/2011 2:30:25 AM , av Geir Egil Olsen
 
Havila Olympic Rolls Royce Rem Bourbon Eros Kleven Maritime