Bergsøy med i NM J-16 og J-19

Bergsøy med i NM J-16 og J-19

(Keeper Dagny Beate Vattøy og dei andre J-19 spelarane er klar for NM kvalifiseringskampar mot Herd og Volda) 

Da påmeldingsfristen gjekk ut 15. februar var det seks lag påmeldt i J16 og tre lag påmeldt i J19 kvalifiseringa til NM Telenor Cup. Desse laga skal nå spele kretsvis kvalifisering i mars. Sunnmøre Fotballkrets har i år, som i fjor, i kvote på tre lag i J16 og eit lag i J19, og det er desse plassene lagene nå skal spille om.

 

 

I J-16 klassa skal Bergsøy møte Herd til dobbeltkamp (heime og borte).  Vinnaren går vidare til 1. ordinære runde i NM.

Dei to andre kampane i kvalifiseringsrunda er Volda-Valder og FK Sykkylven-Stranda

 

I J-19 klassa skal Bergsøy, Herd og Volda spele enkel serie (ein heime og ein bortekamp).  Gruppevinnaren er kvalifisert til 1 runde og møter såleis lag frå ein annan fotballkrets.

 

Les meir på Sunnmøre Fotballkrets sine sider.

http://www.fotball.no/Kretser/sunnmore/aktivitet/Ungdomsfotball/Nyheter/2012/NM-Telenor-Cup-J16-og-J19/

Publisert, 2/21/2012 7:07:32 AM , av Geir Egil Olsen
 
Havila Olympic Rolls Royce Rem Bourbon Eros Kleven Maritime