Kampar i helga

Kampar i helga

 

Både G-19 og G-16 skal spele sine siste kvalifiseringskampar i Ålesund i helga.  Ingen av laga har gjort det godt hittil i kvalifiseringa og ingen av dei kjem til å spele i 1 divisjon denne sesongen.

 

G-19 kom i ei middels gruppe og skulle normalt sett hatt kvalitetar nok til klare å bli blant dei 2 beste i gruppa.  Men etter å tapt 3-0 mot Langevåg og heile 10-0 mot Skarbøvik vil nok laget hamne sist i si gruppe.  Skulle laget vinne sin siste kamp mot Valder søndag kl 19.30 vil dei likevel bli sist grunna dårleg målskilnad. 

Slik det ser ut per dato vil Bergsøy ikkje stille juniorlag i seriesamanheng i 2012.  Ein meiner det er ein betre utviklingsarena å spele i 5 divisjon enn å spele i juniorserien sin 2 divisjon.

Heller ikkje G-16 klarer å kvalifisere seg etter å tapt sine to første kvalifiseringskampar med 6-0 mot hhv Aksla og Hødd.  Hødd har eit godt lag og i den kampen leverte laget ein grei prestasjon mot ein av favorittane til KM.  Stillinga ved pause i den kampen var 0-1, men i andre omgang miste ein konsentrasjonen litt og Hødd fekk nokre enkle mål.

Mot Aksla leverte G-16 godt under pari.  Søndag møter også dette laget Valder og desse laga vil kjempe om 3 plassen i gruppa.  Valder har 1 poeng etter 2 kampar og Bergøy har 0 poeng etter 2 kampar.

I G-16 vil Bergsøy stille med lag i 2. divisjon i 2012.  Har ein nok spelarar er det også aktuelt å stille med eit 7-ar lag.

Trass i at det ikkje vert 1. divisjonsspel denne sesongen må klubben jobbe vidare for å få fram talent og gode lag i framtida.

Også Bergsøy sitt A-lag skulle spelt treningskamp i helga.  Kampen skulle gått på Norfjordeid og motstandar skulle ha vore Florø IL.  Kampen er desverre avlyst/utsett då Bergsøy ikkje kan stille lag på grunn av mange skader og mykje sjukdom i troppen.

Publisert, 2/17/2012 11:28:18 AM , av Geir Egil Olsen
 
Havila Olympic Rolls Royce Rem Bourbon Eros Kleven Maritime