Både G-16 og G-19 skal spele kvalifiseringskampar denne helga.
Kvalifiseringa gjeld retten til å spele i 1. divisjon komande
sesong.
I G-16 klassa er det 5 puljer. Dei 2 beste laga i kvar
gruppe får spele i 1. divisjon. Søndag kl 18.00 er del klart
for Bergsøy - Hødd på Bergsøy KGB. I 1. kamp i kvalifiseringa
tapte eit litt uinspirert Bergsøylag heile 0-6 for Aksla.
Hødd på si side vant heile 9-1 over Valder. Taper Bergsøy
denne kampen blir det 2 divisjon komande sesong.
I G-19 klassa er det 4 kvalifiseringspuljer. Her er det
også dei to beste laga i kvar gruppe som går vidare. Her skal
dei 8 laga spele trippel serie komande sesong. Bergsøy har
enno ikkje starta kvalifiseringa. Laget har valgt å kjøyre ei
stram kvalifisering med 3 kampar på 8. dagar. Laurdag 11.
februar kl 15.40 er Langevåg motstandar i Sparebanken Møre
Arena. Utanom Bergsøy og Langevåg er dei 2 andre laga Valder
og Skarbøvik/Hessa.
I denne gruppa er det hittil spelt berre 1. kamp. Langevåg
slo Valder 3-1.
Vi ynskjer både G-16 og G-19 lukke til i helgas
kvalifiseringskampar.