I lett regn var det turnering torsdag kveld for gutar fødde i
2002. Det var ei kjempeflott turnering der det totalt vart spela 12
kampar.
Foto: Robin gjorde ein glimrande jobb i mål.
Domarar denne kvelden var Dorthe, Eskil og Ole Gunnar. Dyktige
domarar som var flinke å forklare gutane når dei gjorde feil. Takk
til dokke!
Spelarane har hatt flott utvikling og til tider var det veldig
godt spel, gode pasningar og flotte mål. Det var ei triveleg stund
på kunstgrasbana og kiosksalet gikk strålande. Gav ein del mynt i
kassa dette.
Vi gler oss allereie til neste turnering i veke 24.
Bilder frå turneringa:

Forsvaret har avvegra og på vei framover igjenn.

Ingen ting å sei på innsatsen her!

Bergsøy møter Bergsøy - ein ting er sikkert - denne kampen vann
Bergsøy.

Simon med det flotte skuddet!

Bergsøy blå gjorde saman med dei andre laga ein kjempeflott
innsats. Mange mødre som var stornøgde. Sjå berre her:
