REFERAT FRÅ FORELDREMØTE GUTTE 16. ONSDAG 8 FEBRUAR 2012
15 av spelarane var representerte.
1. Presentasjon av trenarteam
Kjetil Goksøyr vert ny hovedtrenar frå dags dato. Geir
Jostein Stenersen vert hjelpetrenar, og det vert jobba med å få inn
ein hjelpetrenar til. Kjetil Goksøyr er lærar av yrke, og har
allsidig erfaring frå fotball. Han har sjølv spelt på Bergsøy, og
har tidlegare trena fleire lag, smågutte-, gutte-, junior-, dame-
og A-lag.
Frå no av gir de beskjed til Kjetil G. om forfall o.l.
2. 2012 så langt
Starten på 2012 har vore prega av satsinga på å kvalifisere seg til
1-divisjon. Det har derfor ikkje vorte så mykje speletid på alle,
men dette vil vi prøve på å få betre til etterkvart. Første
kvalik-kampen vart dessverre ein stor skuffelse. Tapte 0-6, og
dermed vil det bli svært vanskeleg å kvalifisere seg til 1-div.
Forslaget til påmelding av lag, var eit 11-lag (antakeleg i
2-div), og eit 7-arlag i Gutte 16. Det kunne vore ønskjeleg at vi
hadde greidd å melde opp eit 7-arlag i Gutte 14 i staden, altså for
dei som er fødde i -98. Problemet her er det er få att frå
-98gjengen, og ein burde ha nokon som tok ansvar for å sjå om ein
greidde å få attende nokon av dei som har slutta. Dette var ikkje
mogleg, og det vart derfor Gutte 16.
Det vart nemnt at for gutane fødde i -98, har overgangen frå å
vere eit lag aleine, til å bli slått saman med -97, og no også med
-96, vore stor. Frå kanskje ei trening og ein kamp i veka, til
trening og kamp opptil 6 gonger pr veke.
Spørsmål om kva treningstider det vert framover, dette veit vi
ikkje heilt enda, men køyrer desse tidene utover vårparten i alle
fall.
Flott å ha faste treningstider! :-)
3. Val av oppmenn/lagsleiarar.
Liv Kristin Aarset og Andre Søvik vart valde. Desse
bestemmer sjølve saman med Kjetil G., korleis dei fordelar arbeide
sitt.
4. Økonomi
Heidi orienterte om dette. Vi har 36 000 på konto, her har dei tre
laga ulike summar. Spørsmålet her er korleis ein skal løyse dette,
og det vart bestemt at kvart årstrinn brukar av «sine» pengar til
cup o.l, medan det som kjem inn heretter er felles. Her burde
kanskje lagast ein felles strategi for korleis ein skal gjere dette
i framtida. Det er svært ulik praksis på dette.
Heidi Enge Langlo ble valgt, og fortsetter som
økonomiansvarleg.
5. Kiosk
Bør ha iallefall ein, og helst to kioskansvarlege.
Beate Kvalsvik Frantzen og Eva Kvalsvik Vestnes vart valde. Lena
Sævik kan delta frå hausten.
Inntil vidare skal vi fortsette å handle på Spar.
Viktig å ha kiosk, vi tenar faktisk litt på det, og det betyr også
mykje for stemninga på og rundt bana.
6. Cup
Alle må få komme med sitt når det gjeld ønske om cup, det
er lett at nokon få får gjennomslag for sine ønskje.
14-15 april er vi påmeldt på G-sportcup i Volda. Ein utandørs cup,
og fin gjennomkøyring til seriestart.
Kva ønskje har vi når det gjeld cupar? Må det nødvendigvis vere
Norway Cup? Kva med Scandia Cup i Trondheim 30 juni? Denne vert nok
uaktuell i år, i og med at det kolliderer med 4H treff og korpstur
for dei frå Kvalsvika, men kanskje er det eit alternativ neste år,
og ein kan planlegge utifrå dette.
Vi har også Dana Cup i veke 30 som er eit alternativ, vi skal
sjekke opp både påmeldingsfristar og prisar. Kor mange lag vi
stiller med, er avhengig av antal påmeldingar. I fjor vart det litt
uheldig, i og med at fleire melde seg på etter fristen. Det vart
dermed for mange på kvart lag, med tilsvarande mindre speletid.
Dette må vi ha klart ved påmelding.
Førdecup i november er godt innarbeidd i Bergsøy, men bør vi
kanskje ha ein cup (i tillegg?) der vi spelar 11ar?
Alt i alt vart det slått ein slutt i at vi pratar litt med
spelarane kva dei ønskjer på neste trening, men i det store og
heile får trenarar og sportsleg leiar ta ei avgjerdsle på
dette.
Ein del helgar er opptatt framover. -97gjengen skal konfirmere
seg 6 og 13 mai, og det er ellers konfirmantdagar i byrjinga av
mars. Dersom nokon veit fellesting som kan kollidere med
cupar, kampar o.l, gi beskjed til Kjetil G, eller nokon av
dei andre ansvarlege på laget.
7. Ymse
Dugnad. Bør vi ta på oss litt ekstra jobbing for å tene
litt pengar om vi kan? T.d båtvaskar er godt betalt. No veit vi at
-97 kullet har mykje dugnadar allereie i forbindelse med skuletur i
tiande, og stemninga er litt opp og ned for ekstra arbeid. Vi
foreslår at dersom nokon kjem over noko vi kan tene litt på, tek de
kontakt, så vurderar vi etterkvart.
Ref. Liv K. Aarseth