Historikk
Her kjem meir etterhvert. Historikk utvalet består
av Thomas Sporsheim med fleire. Her følger eit kort samandrag av
historia med ein liten bildefilm til slutt. Det er liksom som å
lese verdshistoria på fem minutt.

Bergsøy Turn og Atletforening blei oppretta 4.oktober 1944.
Laget hadde gymnastikk, turn og boksing som sine
fyrste interessefelt. Men på eit styremøte 24.mai 1945
vart det bestemt at laget skulle skifte namn. Det vart vedteke
at namnet skulle være "Fosnavåg Idrettsforening". Men berre seks
dager etter vart laget meldt inn i Norges Idrettsforbund med namnet
Bergsøy Idrettslag.
Huldalen kjem
Seinare blei det kjøpt grunn i Huldalen. Og laget arbeidde tungt
økonomisk. Støtte frå Kommuna var lik null, men innsatsen frå
medlemmane var enorm. Det vart skipa til marknad med skytebane og
tombola fredag og laurdag, medan det var revyprogram søndagar.
Dette var en årleg tradisjon. Etterkvart som ein del av Huldalen
blei grusa kom også den første fotballkampen dit. Sundgot var
motstandar, og bana var så lita at dei ikkje kunne spele 11 mot 11.
Så det enda med 8 mot 8.
Grøne og blå drakter
Den 7.mai 1951 melde laget seg inn i Sunnmøre fotballkrins og
fekk drakter. Desse første Bergsøydraktene var grøne med kvit
krage, og buksene var blå. I 1952 kom lagets første store
fotballsesong. Då var Huldalen så stor at den blei godkjent for
kamper.
Bergsøy overrasska alle i 3.divisjon i 1970. Laget hadde aldri
vært så høgt oppe før. I seks år hadde laget spelt i 4.divisjon,
før opprykket i 25 års jubileumsesongen. Det dumme var at Bergsøy
ikke hadde grasbane. Men grasbana kom i 1972.
I 1975 kom også vimpelen på plass. Så endeleg kunne Bergsøy gi
vekk, og ikkje berre ta imot vimplar på kampdagen. Mannen bak
tegninga var Nils H Lied i Fosnavåg.

Bergsøy trengde sårt eit klubbhus, og det blei realisert i 1988.
Primus motorar for dette dugnadsarbeidet blei gjort av Asbjørn
Almestad og Kåre Botn. Begge med mange år i aktiv tjeneste for
Bergsøy IL.
Bergsøy i Adeccoligaen
I 1981 var BIL oppe og kjempa i gamle 2.divisjon, som idag
er meir kjend som Adeccoligaen. BIL har aldri vore så høgt oppe
hverken før eller etter. Det blei kampar med mykje publikum, og lag
som Sogndal, Steinkjær, Bodø/Glimt, Tromsø og Molde tok turen til
Fosnavåg. Bergsøy var samstundes i divisjonen over både Aafk
og Hødd!
Ny kunstgrasbane kom i 2007 og klubben er i stor vekst. Meir
detaljert og fyldig historikk om klubben vår kjem vi tilbake til
seinare.
For eit litt bedre innsyn i klubben kan du kike på denne
historievideoen. Her er det fleire flotte minne.