Bergsøy's 25 års-jubileum

På bildet får Sigmund Paulsen overrekt pokal av klubbens
formann K Reite, med Asbjørn Myklebust og O. Goksøyr til høgre.
Markeringa av 25 års jubileummet blei ei stilfull høgtid. Og det
blei endel tilbakeblikk på åra som hadde vore.
Peder P Worren som var med på å ta initiativet til skipinga av
laget greidde på ein interessant måte å fortelje om dei fyrste åra
i klubbens soge. Initiativtakaren til å starte eit idrettslag var
Andreas Sævik, som i 1944 kom attende til heimkommuna etter å ha
vore i Finnmark. Sævik hadde no på festen flytta til Langesund og
kunne diverre ikkje kome. 4.oktober 1944 var det innkalla til
skipingsmøte i det nye forsamlingshuset. Det synte seg å være stor
interesse, og dermed blei Bergsøy Turn og Atletklubb stifta.
Sævik som hadde vore nord-norgesmester i boksing i si klasse i
fleire år, fekk etter kvart mange med seg på treningane. En del av
karane blei litt for sterke, og ville vise styrka til dei andre.
Dette skapte misnøye, og ein gjekk vekk ifrå denne idrettsgreina og
gjekk over til gymnastikk. Samme vinteren arrangerte Bergsøy
Turn-og atletklubb sitt første og siste skirenn med løype rundt
Myklebustvatnet. Dei fleste av deltakarane tok det for hardt, og
fleire fekk fullstendig kollaps ved mål. Hopprennet som skulle være
samme dagen, regna mest bort.
Utpå sommaren 1945 vakna interessa for fotball. Tilhaldsstaden
var skoleplassen på Myklebust. Interessa var så stor for fotball at
naboane fann å måtte klage til skolestyret om treningane strekte
seg lenge utover dei små timar. Det hende ofte at det ikkje vart
slutt før i 02-03 tida om natta. På det første årsmøtet i 1945 vart
det for alvor drøfta om en skulle bygge fotballbane. Ei namnendring
blei også aktuell. Og frå dette årsmøtet har namnet vore Bergsøy
Idrettslag.
Banespørsmålet blei løyst ved at et prosjekt som på
reguleringskartet i Huldal var avsett til idretsføremål blei kjøpt.
Hausten 1946 vart det der teke veiter på kryss og tvers under heile
anlegget. Dette blei gjort på dugnad og med kun manuell
arbeidskraft. Samstundes frista ein på alle måtar å f¨å inn pengar
til finansieringa. Slagg til fyllamasse fekk ein ifrå Voldnes og
grus og leire frå Torvik. Dei første måla var 45 x 90 meter og bana
sto klar i 1951.
Dermed blei laget meldt inn i kretsen og teke opp til 3.divisjon
som da var den lågaste divisjonen. Den første sesongen blei faktisk
klubben kretsmester, og med på dette laget var; Nils V Pettersen,
Sigmund Paulsen, Jon Ertesvåg, Peder P Worren, Ola Goksøyr, Petter
J Pettersen, Knut Nilsen, Finn Voldnes, Jan Vinge, Erik Løfoll og
Sverre Botn. Dei syv første av desse var på jubileumsfesten.
Så over til festen. Frantz G Frantzen var toastmaster og
konfranseier og dirigerte det heile på en elegant måte, med
dommarfløyte. Økonomien var ikkje så veldig god, så gjestane måtte
betale litt for at festen skulle kome på plass, men det gjorde dei
med glede. Bjørn Prytz heldt den spirituelle talen for damene, og
ig Peter Pettersen (Pit) fortalde levande om korleis han opplevde
ein av dei første kampane laget hadde, på Vartdal då Knut Nilsen
scora et mål.

Elles må det nemnast at skipparen av laget Andreas Sævik fekk
ein vakker sølvpokal som et minne med stor takk. Det blei delt ut
mykje sølv til Bergsøy-medlammane. Følgande fekk diplomar; Leif K
Pettersen, Steinar Stenersen, Harald Arnesen, Nils Nilsen, Jan
Karsten Myrhol, Egil Leikanger, Petter j Petteren, Ingvald
Stenersen, Kjell Karlsen, Andreas Kvalsund, Jon Helge Kvalsvik,
Kjetil Reite, Jan Winge, Erik Løfoll, Odd Berge, Kolbjørn
Wickstrøm, Kjell Almestad, Frank Frantsen, Asbjørn røsås, Edmund
Notøy og Eldar Eilertsen.
Enkelte spelarar hadde spelt over 50 kampar og fekk statuettar;
Peder P Worren, Petter Homlong, Paul Brekke, Knut Igesund, Ronald
Moen og Asbjørn Myklebust. For 75 kampar fekk Oskar Wåge, Kjartan
fagerlund, Jon Ertresvåg og Petter Sperre statuettar.

Asmund Myklebust og Ola Goksøyr fekk sølvpokalar for 100 kampar,
Gunnar Kjelstadli og Sverre Botn for 125 kampar og Sigmund Paulsen
for 150 kampar.