Songar/Viser
Då Bergsøy IL slo Sverre på Levanger Stadion den 12. oktober
1980 rykte klubben samstundes opp i dåverande 2.divisjon (no:
Adeccoligaen). Etter den historiske kampen skreiv Oddbjørn
Blindheim denne sangen:
I kveld er namnet berre Bergsøy
og Bergsøy-namnet gir oss von
For neste år skal raudt og kvitt tøy
Få spele i 2-divisjon
Det kunne jammen ha gått verre
Om ikkje alle kjempa slik
For gudsjelov slo vi Sverre
Og lurte grundig Skarbøvik
Det var i fleire år på hekta
at ikkje Bergsøy låg på topp
Ein skulle tru at skjebna nekta
at Bergsøy skulle rykke opp.
Men no i kveld er plassen sikra
og heile Herøy står i brann.
Kontrakta er i alle fall
spikra
og spikra har vi alle mann.
Og vi har ikkje Engelsk trenar
og vi har ikkje innkjøpt skyts.
Vi er ein flokk med gode vener
og vi har Asbjørn og 'nå Prytz
Vi stolar fullt og heilt på våre
og vi er ein samansveisa flokk.
Vi veit at Bergsøy-folk kan score
og alt i alt så er det
nok.