Ynskje om hall for heile Herøy

Bergsøy IL Fotball ynskjer å bygge ein fotballhall for heile Herøy. Tanken er å bygge ein hall over dagens Kunstgrasbane.  Klubben ser på dette som ei nødvendig investering og det vil kunne sikre at vi har optimale anleggsfasilitetar i lang tid framover.  Ein ser det også som fornuftig å gjere ivesteringa no slik at ein sikrar optimale tekniske og kommersielle løysingar.

Sjå perspektiv av hallen her: (______)

 

Scandihall

Halltypen ein vurderer ein ein Scandihall eller liknande hall, som har en forventet levetid på minst 40 år.  Dette er ein halltype som er kostnadsoptimal og som vil fungere godt sjølv  i vårt værharde distrikt.  Som ein ser på skissa over vil den estetisk sett vere fin på stadionområdet.  Høgda er omlag  22,5 meter , noko som er lavare enn dagens lysmaster og for naboane blir fordelen mindre bruk av lys på kveldstid (sjå vedlagte tegninger/brosjyre _________)

Sjølv om det er Bergsøy IL - Fotball so byggjer hallen vil dei andre klubbane i Herøy få tilbod om treningstider basert på samarbeidsavtalen "Ei kommune - fire klubber" 

Det har vort vurdert fleire ulike plasseringar av hallen, men etter Bergsøy IL Fotball si meining er den skisserte plasserings ei optimal løysing fordi: 

  • vi får eit komplett anlegg og kan bruke fasilitetene i klubbhuset med omsyn til dusj, fellesrom, toalett osb
  • det er fire skular i området (+ Einedalen skule) som etter klubbesn vurdering har behov for fleire og betre treingsfasilitetar i skuletida enn det det har i dag.  I tillegg sikrar det at hallen vert brukt også på dagtid. 
  • optimalt og viktig med tanke på utbyggina av dagens Badeland. Dette vil gi felles synergiar.
  • anlegget slik det blir her vil i tillegg til å bli eit særs godt treningsanlegg for Bergsøy IL Fotball og dei andre klubbane i Herøy kommune også vere med på å auke belegget på badeland og det planlagde hotellet i Fosnavåg.  Dette fordi Hallen og anlegget i periodar kan leigast ut til andre fotballklubbar for treningsleirar/kampar på haust og vinterstid.

Total kostnad er forventa å bli NOK 15-16 millioner eks.  moms.  Hall en er planlagt finansiert med lån og sponsormidlear.

For å gå eit slikt løft for fotballen i Herøy og for Herøy kommune treng ein støtte og hjelp frå mange hald.  Dett er eit arbeid som styret i Bergsøy IL Fotball vil prioritere i tida som kjem.  

Med kunstgrasdekke på eksisterande grasbane, klubbhus, utvida tribune med tak og hall over dagens kunstgrasbane vil Bergsøy IL Fotball og Herøy kommune få eit komplett anlegg for fotballretta aktivitet.

Når ein i tillegg har kulturhus, idrettshall, stort badeland, ballbinge, sandvolleyballbaner, skateboardbane m.m.får vi sannsynlegvis  det mest komplette og kompakte idrettsanlegget i Møre og Romsdal.

 

Publisert, 12/19/2011 1:05:10 AM , av Geir Egil Olsen
 
Havila Olympic Rolls Royce Rem Bourbon Eros Kleven Maritime